Slik vert OL på NRK

KILDE: nrk.no

NRK skal gje folk eit godt OL-tilbod der dei er i kvardagen.

For fyrste gong skal ikkje NRK senda OL på TV i Noreg. Kjetil André Aamodt, Anne Rimmen, Øystein Pettersen, Halvard Hanevold og Liv Grete Skjelbreid er nokon av dei som skal gje deg OL på NRK sine plattformer.

For fyrste gong skal ikkje NRK senda OL på TV i Noreg. Kjetil André Aamodt, Anne Rimmen, Øystein Pettersen, Halvard Hanevold og Liv Grete Skjelbreid er nokon av dei som skal gje deg OL på NRK sine plattformer.

– Me har ikkje tenkt å leggja oss ned fordi me har mista TV-rettane, seier redaksjonssjef Ellen Rian, og legg til:

– Me satsar knallhardt på å guida folk gjennom dagen der ein er – frå ein står opp til ein går og legg seg.

Les også: Derfor vil NRKs nyhetssendinger være utilgjengelige på nett fra utlandet under OL

Gode løysingar for mobil – minutt for minutt

NRK vil mellom anna gje deg direkte resultat, nyhendesendingar kvar heile og halve time på NRK.no og høgdepunkt gjennom videoklipp. Det skal særleg satsast på gode løysingar for mobil.

– Folk skal få vita kva som er det viktigaste å fylgja med på kvar dag. Dei viktigaste øvingane vil verta liveoppdatert minutt for minutt. Me veit at folk oppfattar oss som vintersportskanalen, og det skal me framleis vera, understrekar Rian.

Under dei største medaljeøvingane sett med norske auge vert det OL-chat, der folk kan kommunisera med profilar som mellom andre Liv Grete Skjelbreid, Halvard Hanevold, Jann Post, Arne Scheie og Øystein Pettersen.

NRK har eigen resultatservice. Her finn du alt du treng å vita om dei ulike OL-øvingane.

Sjur Molven lovar å gje folket eit heildekkande OL-tilbod. Foto: Randi Himle / NRK

Sjur Molven lovar å gje folket eit heildekkande OL-tilbod.
Foto: Randi Himle / NRK

«Alt» på radio – verda rundt

NRK har radiorettane til OL. Radiosporten sender totalt 73 timar i NRK P1 og 100 timar på DAB-kanalen NRK Sport.

Geoblokkeringa er oppheva, noko som betyr at radiosendingane kan høyrast i utlandet.

– Me skal gje folk opplevingar gjennom radio. Direktesendinger frå øvingar, reportasjar om norske og utanlandske medaljehåp og stjerner, og oppdateringar frå alle øvingane i OL, fortel redaksjonssjef Sjur Molven.

Dette er ei av dei største satsingane på OL for radioen sin del, særleg med direktesendingar på DAB-kanalen og ein time oppsummering kvar dag frå 17 til 18.

– Dei viktigaste øvingane vert sendt i P1, medan me tilbyr mange andre øvingar på DAB, seier Molven.

OL-kveld Sotsji

Hovudsatsinga på TV er OL-magasinet med programleiarane Anne Rimmen og Kjetil André Aamodt kvar kveld.

– Der skal du få alt frå OL-dagen – høgdepunkt, reportasjar, intervju og gjestar i studio, fortel Molven.

Studiosendinga vil gå etter Dagsrevyen med unntak av fredag og laurdag, der sendinga går seinare på kvelden.

I tillegg vert dei daglege nyhendesendingane kvar time mellom 10 og 17 utvida med siste nytt frå Sotsji.